Enkelt treningstips fra Gjertrud Hovdenak

Enkelt treningstips fra Gjertrud Hovdenak

Treningsråda er mange. Og gode. Og treningsdupedittene er og mange. Og gode. Om ein har lyst, kan einkvar få seg eit skreddarsydd treningsopplegg av både klokka og den semiproffe instakjendis-triatleten.

 

Og mest sannsynlig kjem det til å fungere. Du kjem til å bli i bedre form. Men er det fordi du fekk eit heilt skredarsydd opplegg, eller fordi du faktisk var meir aktiv? Fordi du pressa deg til å kjøre hardt, dei gongane det er meininga, og fordi du stakk ut, sjølv om det regna?

 

For det er strengt tatt det det bunnar ut i, for folk flest, å være meir i aktivitet. No skal eg ikkje drite i glasshus, etter ein sesong rett i vasken, fordi eg ikkje har kvilt nok på dei rette tidspunkta, fordi eg har gapt over for mykje, for lenge. Men nok om det. Eg har unnskyldningane klare. Men før eg skriv vidare, har eg ein beskjed til ei spesifikk samfunnsgruppe. I mine innlegg, ofte referert til som mann 40-55, men du fins i alle kjønn og aldre, kjennetegna av god økonomi og bortimot 20-25 treningstimar i veka. Du veit det sjølv om det gjeld deg, innerst inne. Du må lese vedlagt artikkel. Nøye.

 

Pauseunderholdning langtur
Pauseunderholdning langtur

Mitt aller, aller beste råd er å trene ilag med andre. Gjer avtalar. Ikkje sjå deg blind på kva klokka di seier om restitusjon, eller at du heller skulle hatt flate intervallar for å få fart på føtene, istaden for bakkeintervall ilag med naboane. Som regel er det tid nok i alle familiar, og jobbar, til eit par-tre 1-1,5 times økter i veka, om ein prioriterer det. Merk: om ein prioriterer det. Intervall er det som er desidert enklast å trene ilag, på tvers av fysisk form. Så lenge ein samlar troppen i pausen.

I ein travel kvardag, så er det for all del smart å planlegge. Pakke treningskleda kvelden før, og være klar til å stikke ut til planlagt tid neste dag. Under skisserer eg nokre økter eg meiner gir meir energi enn dei tek. Sjølv om det sjølvsagt er tappande å kjøre seg hardt, varer dei såpass kort at det er enkelt å motivere seg, og ein kjem inn dørene med masse adrenalin, og godt humør i årene.

Denne økta kjører eg på regnværsdagar, når eg vil være ute så kort som mulig, og kanskje er litt halvmuggen i tillegg. Funkar uansett om du vil sykle eller springe. Når eg spring, må eg gjere det på sti, slik at eg kan lure meg til å tru at eg kan springe knallfort. Først og fremst, må du ha knallkul musikk på øret. Anbefaler på det sterkaste lister frå spotify: «Trø eller dø» eller «trimmelista». Begge satt saman av undertegnede. Men musikksmak kan jo være så mangt..

  • Varm opp 3 sangar
  • Spurt i 25-30 sek. pr sang i 6 sangar. Der sangen er på det aller, aller kulaste.
  • Rolig 2-4 sangar for å komme deg heim.

Drit i det du kan lese i artikkelen under om at 30 sek. spurt er forbeholdt eliteutøvere. Du får lange og gode rolege periodar mellom kvar gong. Det finst og dokumentasjon på at 30 sek. full skruv er knallbra. Og så kan du sjølvsagt gi deg om du blir svimmel, og redd for å tryne eller krasje. Hoill brillanj, for å seie det slik.

Spurt, med vinnufossen som bakteppe, og brennesle til hinder.
Spurt, med vinnufossen som bakteppe, og brennesle til hinder.

Eg har nesten slutta å kjøre 4×4. Men når det ein sjeldan gong skjer, så blir eg alltid positivt overraska over kor sjuko fort det går over. Ei hard og god økt er unnagjort før du veit ordet av det. 16 min. til sammen, med lidelse, ja og lidenskap sjølvsagt. Du kan lese meir her, om fenomenet 4×4: http://forskning.no/trening/2013/01/intervalltrening-ogsa-supermosjonister

Folk flest treng ein motbakke for å få pressa seg hardt nok. Ikkje for bratt, men om du ikkje har ein perfekt bakke, så drit i det. Kjør så fort og hardt du klarer i dei 4 minutta, sjølv om det er hardt å halde pulsen oppe på flata. Om du f.eks har ei fin nedkjøring på sti, og bakken opp dit varer i 3,5 eller 5 min. så kjør gjerne på distansen, framfor tida. Inne på mølle og rulle er saken ein anna..

Å komme i god/bedre form er ikkje nødvendigvis så tidkrevande, men det krever ein innsats

Å komme i god/bedre form er ikkje nødvendigvis så tidkrevande, men det krever ein innsats. Og ein skal ikkje gløyme at det skal, i mesteparten av tida, være kjekt. Og det fins jo noko som heiter naturleg intervall, som er svært kompatibelt med eit liv på terrengsykkelen. Derfor så skal du seie ja, når nokon inviterer deg på trening. Og danse, når du er på fest. Om alle gjer det, så er samfunnet på veg i riktig retning, sett gjennom mine auge, vel og merke 😉 Om du i tillegg til desse øktene får til ei styrke/stabiliseringsøkt, og ein langtur på gode 3 timar, evt. mykje meir, så har du komme langt. Langturtips og stabiliseringøvelsar kjem. Fjelltur og styrkesesongen startar snart.

Stabilitetsøkt i hagen
Stabilitetsøkt i hagen

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Solve : *
17 × 14 =