Kvanndalstind – Den mørke fyrsten

Kvanndalstind – Den mørke fyrsten

Europa sitt brattaste fjell. Med eit toppunkt der det knapt nok er landingsplass for ein ramn. Mørk og truande. Og evig forvist til eit liv i skuggen av Store Venjetind. Dette er historia om ein kvit audiens hjå Den Mørke Fyrsten.

Bygging av nattens leilighet. Foto: Ståle Johan Aklestad

”Her er det berre å flytte inn!” Over oss lyser stjernene, framfor oss står eit stort, mørkt fjell i silhuett. Og vi har plutseleg spart to timar graving. Spada til Håkon Vego forsvinn nemleg gjennom veggen inne i holet der han jobbar. Det er heldigvis ikkje ei bresprekk, som vi først fryktar, men eit holrom under oss, heilt inne ved fjellveggen, som vinden må ha laga og så tetta igjen. Vi lagar ei trapp ned, og så er det berre å starte møbleringa.

God plass og pent møblert. Foto: Ståle Johan Aklestad

”Javel, så det er her de bur?” Håkon Raanes stikk plutseleg hovudet ned gjennom pipa. Han starta nokre timar seinare frå Molde og kjem akkurat tidsnok til middagen. Leilegheita vår er perfekt for tre, og vi sovnar der inne i breen, medan Kvanndalstind held vakt over oss.

Ikkje fjordgløtt, men likevel upåklageleg utsikt. Soloppgang like under Kvanndalstind. Foto: Ståle Johan Aklestad

Djupt nede i hola vår er det så stille at vi held på å forsove oss neste morgon, det er såvidt eg rekk å kome meg opp opp på egga for å ta bilete idet det lysnar. Kvanndalstind ser stor og farleg ut i det kalde morgonlyset. Men lyset vert stadig varmare. Nede ved hola vår har også dei to Håkonane vakna til live og spankulerer rundt. Og idet sola står opp over horisonten er det liten tvil. Den mørke fyrsten byd oss audiens. Det er berre å pakke sekken.

Brattast i Europa? Kanskje ikkje, men bratt nok. Håkon Raanes nærmar seg Torshammaren. Foto: Ståle Johan Aklestad

”The steepest mountain in Europe”. Eg har alltid tenkt at Slingsby overdreiv litt i sin nyvunne iver etter førstebestigninga i 1885, men akkurat her, balanserande bortover den sylkvasse snøegga, har eg ikkje noko behov for å trekkje påstanden i tvil. Eit fall er like lite freistande til begge sider; ein kan velje mellom den iskalde og skuggelagde Kvanndalen på eine sida, og stupa ned mot Svartevatnet langt under oss på andre sida. Heldigvis vert ingen av delene aktuelt, og vi tek på tauet før det første opptaket på fjell, her er det trass alt litt å sikre i.

Håkon Raanes i luftig terreng. Romsdalshorn og Trollveggen i bakgrunnen. Foto: Ståle Johan Aklestad

Kvanndalstind om vinteren er noko anna enn enn Kvanndalstind om sommaren. Lett jogge- og klyveterreng på egga er blitt til avansert balansekunst, og ”stien” bortover mot Torshammaren er erstatta av bratte snøfelt med stup under. Men snøen viser seg å vere perfekt for økser og stegjarn. Og med tauet til pynt mellom oss nærmar vi oss raskt Torshammaren.

Kvanndalstind ser mørk og farleg ut i det kalde morgonlyset. Foto: Ståle Johan Aklestad

Etter Torshammaren er det artig klyveterreng eit stykke oppover. Men på eit tidspunkt kjenner vi eit behov for sterkare tilknytning til fjellet, vi lagar standplass og Håkon Raanes får den spisse enden av tauet. Dei nye og lette aluminiumsstegjarna hans er nok ikkje først og fremst laga for vinterklatring på fjell, men han bevegar seg som ein katt oppover, og snart står han på toppen. Eg fylgjer på.

Torshammaren får stå i fred denne gongen. Vi har eit anna mål i sikte. Foto: Ståle Johan Aklestad

Så står vi der altså. Toppen verkar endå spissare no enn om sommaren, her er  såvidt plass til eit par rumper. Men ingen av oss slappar heilt av. Sjølv om vi har fått audiens, er det trass alt Fyrsten. Sist eg prøvde på denne turen, mørkna eg ute på egga ved Torshammaren. Og dagen lid. Men snart er all uro gløymt. Skodda har leika med oss heile dagen, og byrjar byggje seg opp ettersom temperaturen fell. Oppvisninga tek etter kvart heilt av, eg gløymer heilt å vere redd der eg prøvar å fange Håkon i søkjaren på kameraet, balanserande bortover egga. Og idet vi er nede ved foten av fjellet er alt rundt oss oransj skodde, gjennomlyst av den låge sola.

Skodda lagar magi på heimturen. Foto: Ståle Johan Aklestad

Det er lite freistande å forlate bre-leilegheita vår. Vi vurderer å legge den ut på finn.no, i det minste burde vi setje opp ein staur slik at andre kan få nytte av huset vårt. Men her finst verken staur eller dekning, så vi tek til på heimturen. Snøen er ikkje i nærleiken av skiføre, det vekslar mellom fokksnø, gjennomslag og skare, og enno veit vi ingen ting om den islagde bakken som ventar ned frå Olaskarsvatnet. Men det gjer ingen ting. Ikkje denne gongen. Vi har vore på eventyr. Og idet vi snur oss ein siste gong, ser vi Kvanndalstind stå i lys loge i solnedgangen. Fyrsten er kanskje ikkje så mørk likevel.

Eit av dei få innslaga av skiføre på turen. Håkon Raanes utnyttar sjølvsagt den vesle flekken med laus snø. Foto: Ståle Johan Aklestad

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *