Peak Blog

Peak Blog

Kvifor skal to ihuga buldrarar frå Noregs våtaste by (sic. Bergen) dra til England for å klatre? England er jo ikkje akkurat kjent for å vere versikkert.

Mie Kastet går La Musèe imaginaire (7b+) Curbar Field. Foto: Knutt Hatteland Sømme

Tungt inspirert av klatrefilmen det verkeleg er verd å sjå, Hard Grit, falt valet av haustens buldremål på Peak District. Området er nok mest kjend for hard og hårete tradklatring. og det ringer nok bjeller hjå dei fleste klatrarar når ein nemner rutenamn som Gaia, Samson eller Master’s edge (den siste forøvrig nyleg gått av Mari Augusta Salvesen). Buldringa er muligens mindre kjent, men steinkvaliteten er av ypperste klasse, og klatringa er rett og slett magisk.

Knut på 7 ball (6c) Burbage South Edge. Foto: Knutt Hatteland Sømme

Klassikarane står i kø for den som vågar å ta turen over dammen, t.d. er Crescent Arete (5c) ein av dei flottaste linjene eg har gått uansett grad. Men mange vil nok også kjenne att namn som Voyager (8b), Brad Pit (7c), og Deliverance (7b+).

Brad Pit (7c), Stanage Plantation. Foto: Knutt Hatteland Sømme

Det regna litt på oss, men slett ikkje så mykje som me hadde frykta. Me drog i andre halvdel av september, og det viste seg å vere litt tidleg for å få ordentleg gode forhold på grit. Einskilde dagar var dóg meget bra! Og dei dagane gradestokken bikka 20 grader kunne me buldre på kalkstein på det velkjende feltet Raven Tor (rett nok best kjent for sportsklatringa, t.d. ligg rutene Hubble (8c+, men dei lærde strides om det ikkje faktisk er verdas første 9a) og Mecca (8b+) her), eller det mindre kjente feltet Blackwell Dale.

Red or dead (7a+), Blackwell Dale. Foto: Knutt Hatteland Sømme

Det er mykje klatring å ta av, og eit par linjer eg berre MÅ tilbake for å prøve, så det er berre å kvesse krimpen og trene seg klar til ny tur!

Litt reisetips

Fly til: Manchester
Leigebil er eit «must»
Pad: store gode pads er nyttig då ganske mange bulder er høge. God spot er også naudsynt. Gode pads kan leigast hjå Climbing Works Sheffield dersom du har ein flybillett utan bagasje. Må bestillast på førehand: https://www.climbingworks.com/the-works/pad-hire/
Bu: Airbnb funkar meget bra. Men er du ute i god tid kan du også sjekke ut Parson House Farm som ligg på toppen av Burbage South Edge http://www.parsonhouse.com/
Kviledagsaktivitet: forutan å gå å titte på historiske linjer og gå på pub, kan eg anbefale ein tur til Yorkshire Sculpture Park. Eventuelt eit besøk på ein av herregardane som ligg i nærleiken. T.d Chatsworth.

På Stanage Plantation kryr det av klassikarar (Deliverance, Brad Pit, Careless Torque for å nemne nokre), men det er fine og klassiske bulder på andre område også. Kan anbefale Curbar og Burbage på det varmaste.

6 favorittbulder:

– Crescent arete (5C), Stanage Plantation
– Art of Japan (6C), Curbar Edge
– Glass hour (7A), Stanage Plantation
– Bin Laden Cave (7A), Gardoms
– Westside story (7B+), Burbage West
– Brad Pit (7C), Stanage Plantation

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *